Lærlingsamtalen er ein samtale mellom fagleg leiar eller instruktør og lærling om opplæringssituasjonen. Samtalen skal rettleie og motivere lærlingen i høve måla for opplæringa.

Samtalen skal:

  • gje lærlingen høve til å samtale med fagleg leiar om eiga utvikling, motivasjon og innsats knytt til arbeidet med måla i læreplanen
  • gje fagleg leiar tilbakemelding om opplæringa og læringsmiljøet
  • gje lærling og fagleg leiar høve til å drøfte og planleggje tiltak
  • medverke til eit godt samarbeid mellom lærling og fagleg leiar og andre
  • setje bedrifta betre i stand til å tilretteleggje opplæringa for lærlingen
  • skape tillit mellom lærling og bedrift

Samtalane skal gjennomførast mellom fagleg leiar/ instruktør og lærling, og ev. tilsynsvald.

Desse momenta bør inngå i lærlingsamtalen:

  • Fagleg utvikling i forhold til måla i læreplanen
  • Frammøte og korleis lærlingen held arbeidstida
  • Orden og kor ryddig lærlingen er
  • Miljøet på arbeidsplassen
  • Innsats og motivasjon i forhold til arbeidet med faget
  • Samarbeid med:
    a) fagleg leiar
    b) instruktør
    c) medarbeidarar
    d) brukarar/kundar
  • Initiativ og sjølvstende i arbeidet
  • Fleksibilitet og omstillingsevne
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Kommunikasjon
  • Problemområde i læreforholdet
  • Konfliktar og konflikthandtering
  • Andre forhold
  • Gjennomgang av oppsummeringa frå førre lærlingsamtale