Lærlingsamtalen er ein samtale mellom fagleg leiar eller instruktør og lærling om opplæringssituasjonen. Samtalen skal rettleie og motivere lærlingen i høve måla for opplæringa.
Samtalen skal:
- gje lærlingen høve til å samtale med fagleg leiar om eiga utvikling, motivasjon og innsats knytt til arbeidet med måla i læreplanen
- gje fagleg leiar tilbakemelding om opplæringa og læringsmiljøet
- gje lærling og fagleg leiar høve til å drøfte og planleggje tiltak
- medverke til eit godt samarbeid mellom lærling og fagleg leiar og andre
- setje bedrifta betre i stand til å tilretteleggje opplæringa for lærlingen
- skape tillit mellom lærling og bedrift
Samtalane skal gjennomførast mellom fagleg leiar/ instruktør og lærling, og ev. tilsynsvald.
Desse momenta bør inngå i lærlingsamtalen:
- Fagleg utvikling i forhold til måla i læreplanen
- Frammøte og korleis lærlingen held arbeidstida
- Orden og kor ryddig lærlingen er
- Miljøet på arbeidsplassen
- Innsats og motivasjon i forhold til arbeidet med faget
- Samarbeid med:
a) fagleg leiar
b) instruktør
c) medarbeidarar
d) brukarar/kundar - Initiativ og sjølvstende i arbeidet
- Fleksibilitet og omstillingsevne
- Helse, miljø og tryggleik
- Kommunikasjon
- Problemområde i læreforholdet
- Konfliktar og konflikthandtering
- Andre forhold
- Gjennomgang av oppsummeringa frå førre lærlingsamtale